Mando Diao – BANG

Eg har virkelig brukt tid på å lytte til «BANG». Kanskje mest fordi min første reaksjon etter å ha høyrt gjennom albumet var Ka faen?! Ein ny Aelita-disaster (Aelita, album frå 2014, ikkje ein av mine favorittar). Eller kanskje eg høyrte ekstra godt gjennom «BANG» fordi eg veit at dei har brukt tid på albumet, eit album dei er veldig stolte av, og her sitter eg og er kjempe skuffa. På eit livestream fra tyske Radioeins på Facebook, sa Dixgård at albumet var “furious”. Albumet er kanskje litt “furious”, men det betyr nødvendigvis ikkje bra.

«One Last Fire» er sangen som åpner albumet. Riktig nok så er det kanskje flammer etter eit bang og kanskje litt røyk. Men eg føler ikkje varmen frå flammene, eg føler ikkje energien. Eg synes det starter gjennomsnittlig. Verken bra eller dårleg. Veit ikkje om det er tempoet på sangen som gjør det, men det er noko som mangler. Det starta ikkje akkurat med eit bang dessverre.

Dei fortsetter med «He Can’t Controll You», som er bedre live. Mykje bedre live. Eg vil ikkje sei den er dårleg, men den er ingen wow. Sangen er bare ok. Fin tekst, fin melodi. Men kanskje litt forglemmelig.

Me går over til «Long Long Way». Det første som slo meg da eg høyrte starten var: Kva er dette? Har dei begynt med gospel no? Litt sånn Amerikansk sørstatsinspirert?
Eg likar gitarspelingen i sangen, den er fin og passer godt til teksten. Det er berre refrenget som irritere meg. Men eg er ingen låtskrivar eller komponist og veit egentlig ikkje korleis ein skal gjer det betre. Men det må være andre og kanskje bedre måter enn dette refrenget? Sikkert bedre når eg opplever sangen live neste måned. Bamsen i musikkvideoen er skjønn da. Og den akustiske versjonen er også mykje bedre.

«Don’t Tell Me» er ein sang om å irritere seg over ein person. Det er slik eg tolker det. Og han som synger liker ikkje å bli fortalt det ene til det andre, men glemmer det som blir fortalt til han. Høyrte eg rett der? Sangen handler vel meir om å stå opp for seg sjølv. Enda ein gjennomsnittlig sang på Bang.

«I Was Blind» now I see, what you’re doing, what you’re doing to me. Alle har vært i eit forhold der man var blind, og etter kvart åpna augene og la merke til at det var visst ikkje slik ein sjølv såg det. Her skriker Dixgård litt da. Det hjelper litt på eit døll album.

Så kjem sangen «Bang Your Head». I don’t want to kill the party. I bang my head, I bang my head. I just want to get you started. I bang my head, you bang your head, I bang my head. Dette er ikkje bra. Eg klare ikkje.. Er dette låten albumet er oppkalt etter?

Det er noko med gitaren på albumet. Det er bra spelt, men det irritere meg. Kanskje det kan høyrast på starten av «Get Free». Eit pluss i denne songen er bruken av synth. Kanskje det er det albumet trenger, meir synth?

På «My Woman» får eg igjen kjensle av gospel. Kva er det med dette albumet?! Men nynninga i refrenget er fint da. Eg vente fortsatt på sangen som skal wow’e meg.

«Good Times» (forrige album) hadde tittelsporet, «Shake» og «Watch Me Now» for å nevne et par låter som var tvers gjennom gode. Ikkje verst for eit comeback. Det er som om Mando Diao har starta på nytt etter Norén. Siden dette er album nummer to etter comebacket, vil eg påstå at albumet lider av Second album syndrome.

Albumet avsluttes med «Scream For You» og «Society» som er de beste sangene på albumet. Førstnevnte er mer røffere i refrenget, og musikkavspelaren min seie eg har spelt «Scream For You» 27 ganger, i det eg skriv dette. Eg er fortsatt ikke heilt overbevist over gitaren. Men eg må vel bare bli vant til den nye sounden.

Det starta ikkje med bang, mellompartiet hadde heller ikkje bang, og det avsluttes heller ikkje med eit bang. Gi meg Bang, flammer og røyk!
Etter å ha hørt gjennom albumet for fyrste gong, gikk eg rett på «Hurricane Bar», et vellykket andrealbum. Etter å ha hørt gjennom Bang gjennomsnittlig 18 ganger, må eg sei eg er skuffa. Mando kan mykje betre enn dette.

«BANG» sleppes i morgon. I staden for å seia gled deg, skal eg heller seia forbered deg.

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.