Stockholm

Eg skal prøva å bli meir personleg, så da må eg vel fortelja om sommaren min. Så lat meg begynna!

Weezer, Stockholm, karuseller
Første del av ferien tok sted i Stockholm. Turen bort var heilt jævlig. Buss til Gøteborg er null stress. Nattbuss til Stockholm er heilt forferdelig! Aldri meir igjen. Prøver å vær miljøvennlig og ikkje fly, men den turen var berre ubehagelig, lite søvn, og bokstaveligtalt sjuke passasjerar. Men me handa i Stockholm til slutt! Prøvde med tidlig innsjekk på hotellet, men det gikk ikke. Ingen søvn å få. Da er det bare å få i seg frukost og kaffi og leika turist!
Kort fortalt: fyrste dagen gikk i å dra på ABBA-muséet, eta Skandinavias beste burger og sova godt på eit hotellrom uten vindu.



Bryr folk seg virkelig om kva eg gjorde i ferien min?
Om dykk gjer, så var dag to mykje bedre!
Me gjekk tilbake til burgerplassen fra gårsdagen og blei sjølvsagt møtt med «Var ni inte här i går?» – å jo sjølvsagt var me her i går, kan ikkje la dag to gå uten å eta enda ein Prime Burger. BESTE eg har smakt siden Teddy’s Bigger Burger fra 2015 altså! Nok om mat.
Turen gikk vidare til Gröna Lund. Ser på klokka, det er tre timer til Weezer står på scenen. Ser på den lille folkemengden som allerede har stilt seg foran scenen, og me tar den avgjørelsen om å ta så mange karuseller mogleg før me drar over til konserten. Totalt blei det 8 karuseller før konserten. Eg har kanskje ikkje tatt karuseller siden eg var 12! Eg vart jo heilt hekta! Man trur jo man skal dø! Men man gjør jo ikkje det da. Så derfor er det så kjekt.
Etter karuseller blei barndomsheltene Weezer opplevd for første (og kanskje siste) gong. Det var vakkert. Setlisten kan sjåast på setlist.fm, og bilete og film kan sjåast på instaen min. Ord kan ikkje beskrive gleden. Dei begynne sjølvsagt å bli gamle, men dei er fortsatt gode!


Eg gjekk smilandes tilbake til Comfort Xpress (ingen reklame, eg bare lika å bu der), og var nok ein gong fornøyd med enda ei Stockholmtur.
Her fra går turen vidare heim til Bømlo.

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.