Smil

Eg smiler. Det er lenge siden eg har vært så høg, så glad, så ekstatisk etter ein konsert. Kanskje det var fordi eg fekk ein klem, eg og mange andre. Men ja, eg smiler.

Det starter rolig med «Livstid», og publikum holder seg rolig gjennom «Åtta trappor», «Ont som jag» og «Husen här ute». Men eg holdt meg ikke rolig. Åtte trappor og Ont som jag er nokon av mine favoritter. Eller, eg har mange favoritter av Hurula, men disse to songane likar eg ekstra godt. Så eg tok heilt av. Sang med og smilte. Eg smilte fra det sekundet Hurula med band entret scenen.

Det blei meir liv i publikum under «Ny drog». Alltid kjekt med litt liv. Men ingenting er sterkare enn «Järnvägsbron». Ein mektig sang. Så trist. Eg holdt nesten på å grina.

Dei som har sett Hurula veit at han har ein tendens til å gå tunge steg fram og tilbake på scenen. Att og fram. Det var herlig å sjå igjen.

Ein anna favoritt som blei spelt var «Stockholm brinner». Ein favoritt mest på grunn av følgande tekst:
Tror vi på solen även när den inte skiner, som vi tror på kärleken även när vi lider.
Eg har ein følelse om at ein vakker dag vil den teksten bli tatovert på meg. Ikke sei noko til ho mor..

Like etter spelar dei coveren «Skuggorna kommer». Takkar for seg og går av scenen. Det er ein flott cover. Eg er glad den blei spelt. Men det var noko som mangla. Kvar er «Betongbarn»?

Dei kjem på scenen igjen og spelar «Innan ljuset». Då veit eg det er slutt. Det var den han avslutta med i sommar, og jaggu hadde eg rett.

Fangirl som eg er, så stod eg jo heilt framme. Eg kom seint, men fekk stå på fremste rad utan problem. Hurula klemte alle på fremste rad. Inkludert meg. No er eg forelska i ein gift mann og bør legga meg. Neida, eg er bare så utrolig glad for at Hans Robert Hurula eksisterer og lager den musikken han gjør. Det bør han fortsette med. Sjølv om det virker som om det kan vera vondt for han. Veldig personlig det siste albumet altså.. (men da har eg nevnt tusen ganger før)

Ny konsert i morgon. Eit anna band. Ein anna by. Eit anna land. Men det er svensk da. Så i morgon blir nok kjenslene endra. Men eg smiler stadig.