Mando Diao med ny musikkvideo

Fredag er ein fin dag. Alltid ny musikk. Denne gongen er det svenske Mando Diao som slepp første smakebit frå deira kommande album som har fått tittelen «Bang».

Eg vil egentlig påstå at første smakebit var «He can’t control you» (usikker om det faktisk er tittelen), som blei spilt på festivalar og fornøyelsesparker i fjor sommar. Den er også ganske fengende, og eg storkoste meg da eg fekk oppleva den på Liseberg i fjor.
Men til min store overraskelse, så blei songen «One Last Fire» den første singelen fra det kommande albumet. Da eg høyrte songen tidligere i veka kunne eg høyre at det ikkje var åh kjære Dixgård som sang andre vers. I dag, akkurat slik som singelen, blei også musikkvideoen sluppet. Da kunne eg sjå at det var deira nye gitarist Siverstedt som synger andre verset. Han vil aldri bli så god som Norén, men det går heilt greit. For no.

Med nytt album, kjem det også turné. Mando Diao kjem dessverre ikkje til Norge. Eg vurderte å ta bussen til Gøteborg. Men dei spelar på ein litt stor scene der. Så da tek eg turen til København, til Lille Vega. If the mountain won’t come to Oslo, Else must go to another city.

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.