Kontrastar

Eg skal prøva å bli mer personleg på denne sida. I staden for å skriva «tørre» nyhende og lignande så blir det personleg. Men, det skal stadig handle om musikk.

I går stod eg opp litt tidlegare enn vanleg for å kjøpa billett til Hurula som skal spela på Parkteatret i november. Eg er så stor fan av Hurula at eg i løpet av kort tid har blitt det Facebook kallar for «topptilhengar». Det må nevnes fordi eg er stolt av å vera topptilhengar.
Eg såg han på Blå i juni i fjor. Og no i juli skal eg ta bussen til Gøteborg for å sjå han der. Åleine.
Eg har høyrt eg har rar musikksmak, men det bryr eg meg ikkje om. Så eg drar heller på konsert åleine enn å vente til at nokon eg kjenne skal plutseleg lika den musikken eg gjer. Tenk på dei opplevingane ein går glipp av om eg ikkje våge å gjør noko åleine. Hurula er nemleg verdt å sjå live. Det er ein grunn til at han vant årets rock på Grammisen i Sverige. Han er dyktig, han har ein unik stemme (sjølvsagt hjelper det at han er svensk), i tillegg så har han blitt veldig personlig i det siste albumet – noko som gjør musikken enda mer råere og bra i mine øyrer.

Men til kontrasten. Seinare på dagen bestemte eg og ei venninne for å kjøpe oss billettar til A1 sin ekstra konsert på Vulkan. Fra personen som har blitt kalla «Sveriges mørkemann» til koreografert boyband er litt av ein kontrast. Sa eg at eg har rar musikksmak? A1 er mest for nostalgiens skyld, om det blir spelt noko etter dei to fyrste albumene, så kjem eg ikkje til å kunna ein einaste song. Men stemning blir det uansett.

Eg gler meg!

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.