København

Svenskene i Mando Diao er ute med nytt album, og naturligvis også på turné. Denne gangen hoppet dei over Noreg, så da bestemte eg meg for å sjå dei i København.

Det er ganske greit å fly til Køben med pappa sine eurobonus poeng, og bu på hotell med mine egne oppsparte poeng. Eg har det alltid fint når eg er i Køben, og tilfeldigvis var konserten på samme dag som venninna mi fylte år. Så da feira me ho før eg måtte dra vidare.

Eg dukka opp på Lille Vega ca 20 minutter etter at oppvarminga hadde starta. Det var stappfullt. Og veeeldig varmt. Eg hadde på meg ein genser og ullsinglett under. Det var kaldt i Oslo før eg reiste, og tenkte ikkje over å skifta til noko mindre.

Sidan eg er åleine, så er det enkelt å snike seg fram. Nesten heilt fram. Føler meg heldig.

Det er inn overraskelse at dei startar med noko nytt. Dei åpner med «I Was Blind» kort etterfulgt av «Society». Sistnevnte ein av dei få eg kan tolerere fra det siste albumet. Men så spelar dei «Amsterdam», og mitt humør blir bedre.

Eg kan gå gjennom sang for sang, men det kan virke kjedelig i lengden. Men det eg kan sei er at Mando Diao er notidas beste liveband. Dei kommuniserer med publikum, dei tar vare på den trofaste fansen, dei skape stemning, i tillegg så spelar dei utruleg bra, og Björn synger ikkje så verst heller.

Dei nye sangene er bedre live enn på album. Men eg er fortsatt ikke overbevist. Mando Diao derimot, heilheten av fremføringen, av konserten – ein sterk femmer. Det er trist denne turnéen ikkje stikker innom Noreg. Men eg veit godt kvifor. Forrige gang dei spelte her var det på eit utsolgt John Dee. Ein altfor lita scene med eit altfor kjedelig publikum.

Lille Vega er cirka på størrelse som Rockefeller. Konsertane dei spelar i Tyskland er på størrelse med Spektrum. Mando Diao fortjener ein stor scene. Dei fortjener også eit publikum som dansar, som synger med, som faktisk er der for dei. Det danske publikum er fantastiske. Eg skal nok tilbake til Danmark å sjå Mando Diao der igjen. Og eg håpar Noreg kan booka dei til enten Rockefeller, Vulkan eller Parkteatret. Alt er bedre enn John Dee! (Sjølv om eg elskar intime scener)

Dei avslutta med deira største hit «Dance With Somebody», som eg vil påstå er verden beste sang.