Hjerteslag – Sentrum Scene, 17.01.20

Årets og tiårets første konsert. Tenk at eg var så heldig at da blei Hjerteslag?
Akkurat som forrige gong, hadde eg ingen planer om å skriva om denne konserten. Men så sit her eg då, ein laurdagskveld, etter å ha redigert over 60 bilder og publisert ein haug med nattøy og undertøy på nettsiden til jobben min, og alt eg tenker på er gårsdagens konsert. Kanskje fordi eg høyre på Hjerteslag medan eg arbeidar. Oh well..

Ved første tone var det super stemning, nemlig fordi dei åpna med «Ikkje tenk på det» og cirka ein femtedel av publikum hadde på seg Ikkje-tenk-på-det-genser. Eg lot min vera heime og tok heller på meg knallgul E-det-bare-meg-genser. Uansett, suuuper stemning.

No begynne eg å bli gammal og hugsar ikkje alt dei spelte. Men eg hugsar at eg var bekymra for Eidevik. Kanskje det fordi eit nært familiemedlem av meg sliter psykisk og er for augeblikket innlagt. Eg veit ikkje om det var noko eg såg eller noko eg høyrte, men alt eg ville gjøre var å gi han ein klem og sei at våren kjem, varmen kjem, og kva enn han tenker på, så vil det bli betre etter kvart. Det er lov å ha vondt, men det er faktisk sant at med tid, så forsvinn delar av smerten. Men så kan det også hende at eg overtenker pga min egen situasjon, og som venninna mi sa; han har sikkert bare drukke for mykje. Det er også lov 😉

Ingen spelar så bra som Hjerteslag. Musikken, teknikken, slår ikkje feil. Men når Eidevik glemmer at det skal være ei lita gitarsolo under «Papirsvaner», så går man dessverre glipp av magien. Litt for ivrig til å synge 1-2-3. Han datt ut av konsentrasjon nokre gonger, og Raknes måtte ta over synginga nokre gonger. Det går bra fordi han synger fint. Og eg er bekymra.

Personlige høydepunkt som rørte meg til tårer var «Vestindia» og «Europa Rundt». Tekstane. Har du lytta ordentlig til tekstane? «Det Raymond Sa» – trist. Publikumsfavoritter var «Skyggesiden», «Sang Til Sonja» og «Bryllupsplaner og andre fete løgner», sistnevnte ein av mine favoritter.

Og det var det mitt gamle hovud hugsar. Trur ikkje eg gjorde det så værst. Ja, dei spelte «Sang Til Sonja», «Nattseileren» og «Nordavind».

Dei avslutta med «Kong Oscars Gate», kor storfen E det bare meg dukkar opp. Både Aarland og Eidevik hoppet i publikum. Publikum svevde sjølv. Det var varmt. Det var vakkert. Det er slik ein konsert skal avsluttes.