Gøteborg

Fortsettelsen på sommaren.

Etter Stockholm var eg ei veke på Bømlo – rolig tid med familien. Så vart det tilbake til Oslo for ein natt for å så ta ein liten busstur til Gøteborg.

Det var ein mektig varm dag i den svenske byen. Om eg hadde hatt tid, så hadde eg benytta meg av rooftop pool som hotellet mitt skrøt sånn over at dei hadde. Men eg tok meg ein gåtur til Liseberg i stedet.

Hurula spelar på Liseberg. Han har i løpet av kort tid blitt ein av mine yndlingsartister. Det siste albumet «Klass», er eit så personleg album – så vondt, men samstundes så vakkert. Eit album som gjør at eg respektere han. Ikkje nok med at han synger fint, men melodiene, sammenhengen med tekstene – åå, det er ubeskrivelig.

Så fekk eg endelig oppleva delar av «Klass» på ein veldig veldig varm dag i Gøteborg. Og der står han på scenen. Med ein langerma jersey og ein t-skjorte over. Alt eg tenker: er han ikkje varm?

Eg hugsar ikkje mykje frå konserten, og det er sikkert fordi eg fekk eit lite heteslag. Eg drakk heller ikkje noko øl. Når eg er på konsert åleine, så drikk eg aldri. Så enten kan man skylde på mangel av vatn, eller at eg bare var litt vekke på grunn av glede.

Eg veit han spelte «Så tystnar allt», for eg hugsar kjensla eg fekk da han spelte den. Eg vart glad. «Om jag tänker alls», fordi den var ein så fin tekst. Om eg tenker i det heile tatt, så tenker eg på deg. Tenk å sei noko så fint.

Men blant det fine er det også mykje mørkt. Som å våkne opp til blod på gulvet i «Åtta trappor», og häslningar från självmordsbron, från din egen lillebror, til «Självmedicinering». Eg får så vondt av oppveksten han har hatt. Tenk den styrken ein må ha for å synge om det. For å ha levd gjennom de opplevelsene, og som fortsatt lever med det. Følelsesladd å tenke på.

Eg hugsar at konserten av kort. Under ein time. 14 snabba låtar. Sikkert på grunn av varmen. Han var alt for godt kledd til ein slik dag.

Men me sjåast igjen Hurula. 20.november på Parkteatret. Då er det ingen steikande sol som gjør det ubehagelig for deg. Kan man håpa på eit set som varar meir enn ein time?