Festivaltips – Kva må du ha med deg?

Festivalsumar er den beste tida av året. Etter å ha vært på X antall festivalar i både inn- og utland, så har eg laga ei liste med det nødvendige ein må ha med seg. Eg er vanlegvis ganske spontan av meg og kan reisa til utlandet for ein konsert på kort varsel, men når det kjem til festivalar så likar eg å vera forberedt og ha ei pakkeliste. Det verste er å gløyma noko viktig når man først har kome fram til festival/campingområdet.

Det nødvendige:
– Festivalbilletten! (og andre billetter som reise- eller campingbilletter)
– Telt, sovepose, liggeunderlag, (kan bruke ein stor genser som pute)
– Klær (ikkje meir enn eit par antrekk) og ein varm genser. Det blir lett kaldt om kveldane. For all del husk truser og sokkar!
– Sjekk værmeldinga for å sjå om du bør pakka solkrem eller regnponcho, eller begge deler.
– Behagelige sko. Du kjem til å gå ein del, unngå gnagsår første kveld. Ta med gnagsårplaster.
– Våtserviettar eller tørkepapir (toalettpapir, lommetørkler etc), ha det i veska eller lomma i tilfellet du havnar på eit utedo utan å ha noko å tørke med.
– Ei lita flaske antibakteriell, deo, q-tips, plaster, smertestillande, gaffateip, håndkle, pinsett, tannbørste + tannpasta.
– Tørrshampo – perfekt om dusjkøen er for lang.
– Øyreproppar (unngå tinitus).
– Penger (kort, kontant, vipps på mobil,  eller den type betalingsmetoden festivalen har).
– Gyldig legitimasjon
– Speil, hårbørste og litt sminke (om det er viktig for deg)
– Om du har dårleg syn som meg, husk linser og briller!

Utenom det så kjøp litt mat (nøtter og frukt for eks.) som du kan ha i teltet. Vannflasker er lurt å ha liggande.

Ikkje akkurat nødvendig, men greit å ha
Om du vil unngå ladekø til mobiltelefonen er nødladar tingen for deg. Ein nødladar tek ikkje mykje plass og med denne typen kan eg lada mobilen fullt opp til tre gonger.

4D Batteri pumpe
Dette er ein pumpe som går på 4 stk D batterier, som gjør pumping av madrassen til ein draum. Det er bare å google “4d battery pump” så er den bare eit par klikk unna.

Festivalstol
Den holder på drikka din, og gjer at du slepp å sitte på bakken. Kan få ein slik til en 50-lapp (50-lapp i utlandet that is, i Norge ligger den nok på 200,- ++)

God festivalsumar! og lukke til med pakking og planlegging. Ikkje pakk for mykje, lista er allereie lang 😉 Og for all del HUSK FESTIVALBILLETTEN!

6 comments

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.