Brandon Jenner til Oslo

Eg kan ærleg innrømma at eg fekk fyrst høyra om Brandon Jenner på «Keeping Up With The Kardashians». Han er sønnen til Caitlyn Jenner, og halvbroren til Kendall og Kylie. Dei to sistnevnte verdenskjent modell og sminkedukke(?).
Dei som har sett på serien veit at Brandon er musiker. Han og ekskona var i ei lang tid ein duo på både scenen og album, meire kjent som Brandon & Leah. Men i fjor haust blei det kjent at de skal skilles (eller har dei skilt seg?), og da slutta dei også med å lage musikk saman. Men dei fortset med å støtta kvarandre og forblir gode vener (om man skal tro på tabloidane).

Men nok om personlivet. Det er musikken man skal fokusera på. Brandon har gitt ut egen musikk siden 2016, da fyrste EP «Burning Ground» blei gitt ut. EPen har over 12 millionar streams på Spotify. I fjor ga han ut nok ein EP «Face the World». Om du er ein av dei som har bidratt til masse streams, så får du no moglegheit til å oppleva musikken hans live.
Brandon kjem nemleg til Oslo og spelar gratis på The Thief Music Unplugged, laurdag 13.april. For mer info sjekk her. Eg vurdere sterkt å ta turen sjølv!

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.