Boyband fever

Etter eg og ei venninna såg Backstreet Boys live for fyrste gong, vart me så inspirert at me måtte sjå A1 også. Eg er eir ærlig menneske, og eg skal ærlig sei at eg elska A1. ELSKA DEI! For 20 år sidan hadde eg ei dagbok oppkalt etter Ben Adams, og eg skreiv faktisk til han på engelsk. Mitt unge hovud trudde jo at om det var på engelsk så ville orda mine komme fram til han. Ikkje akkurat den smarteste 11-åringen der nei..

Uansett. Det er fredags kveld og me skal på A1. Dei skal spela på Vulkan, og da passer det perfekt med eit måltid på Mathallen før konserttid. Dørene åpna 20, og me rekna med at konserten skulle starta ein time etter, da det ikkje var bekrefta noko oppvarmingsband.

INGENTING ER VERRE enn eit oppvarmingsband som plutselig står på scene kl 21. Som ikkje var annonsert i forveien. Som spele døll musikk. Som har ei vokalist som har ei stemma som gjør vondt å høyra på. Det var feil band, det var feil publikum og ingenting stemte. Etter at oppvarmingsbandet spelte settet sitt ferdig – som bestod av fem prikk like sanger – sa eg til venninna mi «Ka er dei 19? Er det UKM?». Og eg veit det er hardt å høyre, men dette er ein kveld for nostalgi, ikkje ein kveld for å oppleva det neste som kjem til å mislykka innen musikkindustrien. Sorry!
(Eg veit eg er hard, men det var veldig unødvendig). Hadde eg visst det var oppvarmingsband hadde eg ikkje dukka opp så tidleg. Da hadde eg faktisk takka ja til dessert på Mathallen.

Ikkje misforstå meg. Eg har ingenting imot oppvarmingsband. Eg er den personen som går på store konsertar for å sjå oppvarmingen. Hjerteslag som varma opp for The Killers, SAHG som varma opp for W.A.S.P. og den gongen eg ville dø fordi eg ikkje visste at Sam Palladio varma opp for Biffy Clyro då dei spelte i Operaen. Men da har eg jo faktisk dratt fordi det blei annonsert på forhånd. Give a girl a heads up next time.. For Fs sake..

Etter irritasjonsmomentet kom A1 på scenen. Dei starta med «Same Old Brand New You». Eg smilte fra øyra til øyra. No kose eg meg. Dei spelte sjølvsagt songar eg aldri hadde høyrt før. Og nei, eg visste ikkje at dei hadde vært med på MGP. Alle veit at om man er med i MGP, da går det virkelig gale med karrieren. Ikkje rart Paul måtte komma tilbake og redda dei. Sjølv om eg følte dei mobba han åpenbart på scenen. Var det tull? eller var det direkte mobbing?

A1 er morsomme. Dei lata som om dei ikkje hugsa tekstane sine. Eller, så er dei faktisk blitt så gamle at dei begynner å bli littegrann senile. Nokon gongar dro dei spøkene sine for langt. I staden for å le, så himla eg med augene.

Filipinere elsker A1. Dei tok opp ei på scenen som vart med på «Like A Rose». Hu hette sjølvsagt Grace. For dykk som ikkje veit det, så er eg halvt filippinsk, og kan alt om merkelige filipinarnavn (eg er trossalt i slekt med Rose Mary, Baby og Lovely Rose). Den delen av meg er komplisert så det får vente til ei anna gong. Men tilbake til konserten der 40% av tilskuerne var filippinere. I can tell. Og Grace levde seg så inn da ho stod der på scenen, med hand-gestures and everything. Eg trur ikkje ho sang, ho mimte vel, men den måten ho bevega seg på det var med følelse.

Alt i alt, eg kveld med mykje kjensle. Dei spelte sjølvsagt «Everytime». Vokalmessig så synger dei utrolig bra, ikkje den verste koreografien heller. Og ulikt fra andre boybands så spele dei faktisk egne instrumentar – det gir ein stjerne i margen frå meg.

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.