Billettkjøp

November i fjor var det ein kamp å få tak i Rammstein konsertbilletter. Dei splar på Ullevål Stadion, her i Oslo, her eg bur. Sjølvsagt skal eg sjå dei! Forrige gang var i Bergen for over 10 år sidan – uforglemmelig konsert.
Da billettane til Rammstein i Oslo gjekk ut for salg, så var eg i ein lang billettkø. Den blå ticketmastersiden stirra på meg i ein time. Som mange andre tusen vart eg diverre ikkje ei av dei som fekk tak i billett. Det er sikkert nokon som sel billettar no, men eg reiser vekk den helga. Har med andre ord lagt oslokonserten bak meg.

Eg fekk ein ny moglegheit. Rammstein kjem til Gøteborg neste år. Ein by som er bare 3 timar vekke i tillegg til at da er billig der. Denne gongen skulle eg få tak i billett.

Eg oppretta meg ei konto på svensk ticketmaster og var klar til å kjøpa billett. Den digitale billettkøen var ikkje så lang. Det tok ikkje meir enn 15 minuttar før eg hadde ei billett i den svenske handlevogna mi. Det var bare ein ting eg ikkje var forberedt på – svensk ticketmaster tar kun kredittkort og ikkje vanleg Visa debit. Eg var på jobb da eg skulle kjøpa billett og eg har ikkje kredittkortet mitt med meg i kvardagen (kun på reiser).
Der sit eg med ein billett i handlevogna med eit kort som ikkje kan brukast og ei klokka som tikker ned i det eg leitar forgjeves etter mitt heile mastercardnummer. Først sjekker eg Apple Wallet og Nordea Wallet på telefonen, den viser kun delar av nummeret på kredittkortet mitt. Eg loggar inn på nettbanken min, og der er det same problem – kun delar av sifferet her også. Tiden renner ut og billetten eg hadde trygt i handlevogna mi forsvann. Deja Vu fra november i fjor. Men denna gongen enda meir skuffa siden billetten var der. Den var så nær. Eg hadde den jo!!

Om noko kan seiast om meg, så er det at eg ikkje gir opp. Eg prøvde igjen. Det stod utsolgt. Eg prøvde igjen. Det stod utsolgt. Eg prøvde med ein sitteplass billett og ein ståande billett og da gikk det. Så prøvde eg med kun ståande billett. Utsolgt. Eg prøvde igjen, og plutseleg så hadde eg moglegheita igjen. Billetten var nok ein gong i den svenske handlevogna.
Eg tek frem mobilen og ringer broren min. Det ringer og ringer, men han legger på. Du kjenner til den lyden når nokon legg på i staden for at dei ikkje svare. Den kjensla. Eg veit han er på veien heim frå Tyskland og er kanskje midt i veien og køyrer heim. Men vær så snill ta og ring meg opp igjen, tenker eg.
Det var nettopp det han gjorde.

“Hei. Du eg prøver å kjøpa billett til Rammstein og dei tar ikkje norsk visakort. Eg er på jobb og har ikkje mastercardet med meg. Tiden går ut. Eg har 8 minuttar på å fullføra kjøpet. Kan eg låna Amexkortet ditt? Eg har prøvd å få tak i nummeret på masteren min på både wallet og nettbanken og det går ikkje. Eg skal vippsa deg. Eg har prøvd alt..”, seie eg alt for fort. Mykje informasjon måtte gis på alt for kort tid. Og det raude tallet der man ser at tiden går nedover stresser meg.

Min bror reiser ikkje uten sitt kredittkort. Han veit også at eg vippsar med ein gong. Sikkert derfor han gav meg kortnummeret. Der og da vart han ein reddende engel. Transaksjonen gikk gjennom og eg sat igjen med ein billett til Rammstein i Gøteborg 2020.

Er det lov å gleda seg til ein konsert som er meir enn 1 år fram i tid?

Leave a Reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.