Berlin

Siste skriv om sommaren.

I starten av august tok eg og nokre venninner turen til Berlin for å besøka ei venninne. Eg har vært i byen to gongar før, men aldri på den tida av året når det er varmt ute. Så sommerkjole i Berlin, det var nytt for meg.

Fordelen med å besøke ei som er tysk, og som bur i Berlin, er at man ikkje gjør dei typiske turist-felle-tingene (men det må gjerast ein gong i livet det også!). Som for eksempel dra til Peacock Island eller uteplasser som er hipster at det blir tatt klistremerke over mobilkameraene i det man entrer. No har eg fått opplevd det også. Så ingen bilder frå den uteplassen altså.

Og best av alt: maten. Denne bloggen har mykje fokus på musikk, men i tillegg til å væra veldig glad i musikk så er eg lika glad i mat. Eg hadde verdens beste pho, verdens beste syriske måltid og blei fortalt at eg sku smaka ein grådig god burger. Men den var bare god. Sommerens beste burger åt eg i Stockholm forresten. Mykje god mat med andre ord. Eg likar feriar der eg bare kan eta. Oi, der gløyme eg nesten Eis mot sahne, is med fløtekrem. Enkelt, og såååå godt.

Me besøkte også kontoret til Deezer. Kor venninna vår arbeider. Deezer er eit fransk musikkstrømmetjenesten (på likhet med Spotify og Tidal). Hu har seriøst drømmejobben min! Eg er ikkje svartsjuk i det heile tatt.. Uansett, hos Deezer fekk me prøva Espresso&Tonic for fyrste gong. (Me må faktisk til Berlin for å finna ut kva som er nytt og kult.. We be old ladies.) Viser seg at denne gode koffeindrikken blei laga for fyrste gong i Oslo. Byen eg bur i – og eg måtte til Berlin for å oppdage det. Ikkje flaut i det heile tatt. På tide å vakne kanskje?

Gammel logo, den nye logoen kan sjåast om man zoomer inn nederst på den siste E’en

Det som overraska meg med Berlin var bruken av kontanter. Heile sommaren har eg gått rundt og har nærmest ikkje brukt kort ein gong – har bare betalt med telefonen. Mens i Berlin der er kontanter som gjelder! Veldig få plassar som tok kortbetaling, og om dei gjorde det så måtte ein kanskje kjøpe for minimum 10€. Fascinerende.

No blir det mykje tekst her. Men uansett Berlin var kjempe kjekt. Så kjekt at me vurdere å gjøre denne turen til ein årlig greie. Neste gong må me nesten prøve å kombinere det med ein konsert altså..

Har visst ein bar i Berlin eg..