Årets beste album (2019)

1) Catfish and the Bottlemen – The Balance
Spotify seier eg har høyrt på dette bandet 126 timar i 2019. Året er enda ikkje over, så det blir nok over 130 timar til slutt. EG ELSKAR CATFISH AND THE BOTTLEMEN! Og derfor er deira album «The Balance» min favorittutgivelse frå 2019. Kor den beste songen er «Fluctuate». Dei har solgt over 6 millionar album og spelt for kanskje lika mange mennesker verden over, men allikevel er det ingen som har høyrt om dei når nokon spør meg om kva eg høyre på. Det er heilt ok. Eg veit eg har rar musikksmak, sjølv om eg synes den er dritbra!

2) Hurula – Klass
Om det er nokon eg er begeistra over, så er det Hurula. Eg har tidligere skrevet om det personlege albumet hans «Klass». Så mektig. Så trist. Så mykje kjenslar. Eg dro til Gøteborg i sommar kun for å oppleva han live. Eg var også heldig som fekk oppleva han nok ein gong live her i Oslo. To gongar på eit år – tenk å vera så heldig. Satse på å sjå han neste år også. Om ikkje Norge, så tek eg bussen til Sverige.

3) Sam Fender – Hypersonic Missiles
Det burde være urettferdig for alle menn der ute som ikkje er Sam Fender. Tenk å være så dyktig, skrive så gode songer, synge så fint og spele så bra? I tillegg til å være heit liksom? Er denne fyren seriøs? «Hypersonic Missiles» er faktisk debutalbumet og det er så bra! Eg skal gjøre som alle andre og sammenligne han med Bruce Springsteen (og alle veit kor glad eg er i Springsteen). Det er gitaren og ikkje minst bruken av saksofon. Eg deler The Border, som er ein følsom sang som ein berre høyre godt nok etter. Delvis basert på sanne hendelser. Trist.

4) The Amazons – Future Dust
Album nummer 2 er alltid ein liten luring. Denne gangen bedre enn debuten. Eg kan høyre at de er tryggere på vokalen, Matt våger å gi mer – og det er vakkert. Guitar riffs for days!! (veit ikkje korleis eg skal sei det på norsk, men fy så bra!). Eg deler kanskje det som er den mest triste songen på albumet, men gitaren, gitaren er god her.

5) Eg lar nr. 5 stå blank. Vil så gjerne ha Mando Diao på denne lista, men dei skuffa i år. Så i staden for å gi 5. plass til nokon andre, så lar eg den stå blank. I can do that – since it’s my site and all.

No må 2020 bare koma med nytt album frå The Dogs, Blossoms og Twin Atlantic. 2020 – blir eit godt år.