Skal man sjå Weezer på Malakoff eller Bukta? Nei takk, ingen av delane.

Eg har blitt spurt kva festivalar eg skal på i sommar. Den einaste som eg faktisk har vurdert er Reading eller Leeds Festival i England, fordi eg vil sjå Blossoms. Men det som faktisk er viktigare enn Stockports finest er at Weezer kjem til Noreg i år. Dette er fyrste gong på 18 år! Weezer er det einaste eg MÅ i sommar. (Og kanskje besøka familien på Vestlandet..)

Problemet er.. Ja, for det er faktisk eit problem. Og det er at Weezer spelar på to Norske festivalar. Og uansett kor mykje eg elsker Weezer, så kjem eg ikkje til å dra på nokon av dei norske festivalene Weezer er blitt bekrefta til. Weezer skal spela på både Bukta og Malakoff i sommar. Men det blir dyrt. Eg er villig til å betale mykje, men ikkje så mykje.. Problemet er rett og slett personleg økonomi. Sjølv om eg ikkje får sjå Weezer i Noreg, så skal eg fortsatt sjå dei i sommar. Men eg må jo finne ut av om det svare seg å reise til utlandet enn å dra på ein norsk festival.

Siden eg kun vil sjå Weezer så er det kun dagspass som er interessant av billettypane til festivalane.
Fram med kalkulatoren! No skal me gjera litt matte.

Dagspass Bukta, 18.juli: 939,-
(med reise fly til Tromsø 1149,-
overnatting på Scandic (partner med Buktafestivalen) 1923,- for ein natt
totalt blir det 4011,-
eg vil tru det blir over 5000,- om man reknar med fly tilbake.

Dagspass Malakoff, 20.juli: 899,-
(med reise buss ein vei 409,-
og overnatting på Sentrum Hotel ein natt ca 1000,-,
blir det totalt 2308,-
det blir vel over 2700,- om man skal rekna med buss tilbake til Oslo)

Kva gjer eg? Jo, nokre dagar før Weezer kjem til Noreg skal dei spela i Sverige. Eg har bestemt meg for å ta bussen til Stockholm og sjå dei der.
Pris for å sjå Weezer 120,- SEK (ca. 112 NOK)
Reisen bort 259,-
Overnatting (2 netter) på Comfort Xpress 680,-
totalt: 1059,-
siden eg skal til Haugesund etter Stockholm så blir turen tilbake til Norge 1390,- (retur tilbake til Oslo hadde vært 259,-)
Totalt reise bort, sjå Weezer, to netter på hotell, reise til Haugesund: 2449,-

På å velge Stockholm sparer eg ca. 300,- på å ikkje dra til Malakoff, men eg får også ein ekstra dag i Sverige, noko eg ikkje får der.
Eg sparer ca. 2500,- på å ikkje dra til Bukta. Eg sparer også miljøet for utslipp frå fly tur/retur.

I tillegg er mat og drikke rimelegare i Sverige enn norske festivalar. Noko dei fleste nordmenn set pris på.

Dette er om man reise frå Oslo. Prisane blir annleis om man ser frå andre delar av landet. Dei som bur i Eid eller Tromsø, treng jo ikkje å bruka så mykje på reise eller overnatting.

Eg vil gjerne støtte norske festivalar. Men når man jobbar i butikk, lever på budsjett, då er det mykje lettare og billegare for meg å dra til utlandet. Særleg med tanken på dagspass til 900,- i Noreg versus 112,- i Sverige.
Billettene er allereie bestilt, og ja eg betalte ekstra for klimautslippet bussen gir frå Oslo til Stockholm. Dette var eit valg man fikk av busselskapet, og eg valgte å betala meir.

Kor mykje utregning er du villig til å gjere for å sjå eit band?